onsdag 3. februar 2010

Sapa

Her kjem eit blogginnlegg om Sapaturen vår. Det blir vel ikkje heilt rett rekkefølgje på desse blogginnlegga, men...

Me var i Sapa 28-29 februar. Me tok tog frå Hanoi til Lao Cai. Det var eit nattog, som gjekk klokka 10 om kvelden, og var framme klokka 5 neste morgon. Me sov fire stykker på kvart rom. Eg er ikkje ein spesielt høg person, men eg brukte heile senga. Den var openbart laga for vietnamesarar. Toget hoppa og gynga seg avgarde, slik at då me kom fram til Sapa hadde eg fullt av blåmerke på kneet mitt, for eg hadde dunka inn i veggen heile tida. Vegen opp til Sapa var bratt og svingete, akkurat som å køyre på norske fjellvegar. I nestan kvar einaste sving var det eit fareskilt som viste ein stigning på 10%.

I Sapa åt me frukost på ein resturant, før me skulle byrje å gå i fjellet. Det hadde visst vore feilkomunikasjon mellom dei folka på hotellet vårt i Hanoi som hadde booka turen, og den lokale turoperatøren. Den ruta som me ville ha var visst ikkje mogeleg å gjennomføre, så Ingun måtte ha ein lang diskusjon med sjefen før me endeleg fekk ei rute uten alt for mykje gåing. Me var blitt fortalt at det skulle vere regn og kaldt i Sapa, men det var sol frå skyfri himmel og varmt. Medan me venta på at alle skulle skifte og gå på do, blei me omringa av lokale damer som byrja å snakke med oss.

 


Det var ein heil flokk med hundar der, mange av dei var kvalpar. Dei var utruleg sjønne, sjølv om dei var skitne og full av lopper. 
 


Me skulle køyre eit stykke med minibuss for å kome ned til der me skulle byrje å gå. Då køyrde me gjennom hovudgata i Sapa. Halvvegs ned i den var alle damene som hadde snakka med oss. Dei kom springande nedover i full fart, og då dei såg at me kom køyrande, sprang dei endå fortare. Dei fekk seg haik med nokon mopedar, så me hadde ein hale av mopedar køyrande etter oss ned vegen. Me stoppa ein plass for å ta bilete av utsikten, og då viste det seg kvifor alle damene hadde fulgt etter oss. Dei skulle selgja oss ting.


Utsikten i Sapa. Det var litt tåke.


Litt lenger ned i vegen var stien me skulle gå på. Me hadde på førehand blitt delt inn i grupper som skulle gå kvar for seg med kvar sin guide. Eg, Anders, Marianne og Ingun var ei gruppe. 

 
"Stalkerane" våre.
På vegen gjekk me innom eit hus der me kunne sjå korleis dei vevde tepper og andre ting. I ei skål var det noko som såg ut som tørka blomar. Me spurte guiden kva det var for noko, og han sa at det var marihuana, og lurte på om me ville ha. Me sa at det var ulovleg i Noreg. Det var ikkje ulovleg i Vietnam sa guiden, og tok med seg litt. Etter kvart blei det utruleg varmt. Guiden vår hadde like god kondis som ein maratonløpar, medan me sløve nordmenn kom pesande etter. Utpå dagen kom me fram til staden der me skulle ete lunsj. Der blei me "overfalt" av damer som ville selgje oss ting. Eg skulle kjøpe eit sjal av dama som hadde fulgt etter meg, og då dei andre såg at eg kjøpte av ho, så maste alle saman endå meir. Dei hadde nemleg sett meg først, og då var det berre rett og rimeleg at eg kjøpte hos dei og meinte dei. Fire damer som konstant roper: "I saw you first, you buy from me?", og ikkje tek eit nei for eit nei, er utruleg irriterande. Men til slutt kom me oss inn i huset der me skulle ete, og dei fleste damene hengde seg på ei anna gruppe med turistar som kom etter oss. 

Etter lunsj fortsatte me og gå, denne gongen med fire nye damer etter oss. Eg hadde i tillegg fått følgje av ei lita jente som eg ikkje hadde kjøpt noko hos, og ho følgde etter meg sikkert ein kilometer medan ho maste konstant og ignorerte mine nei. Det var utruleg irriterande, men ho gav seg heldigvis etter at ho omsider skjøna at eg ikkje hadde tenkt å kjøpe noko. Me var framme ganske tidleg på homestayen. Me skulle sove heime hos nokon lokale folk. Guro, Lillemor og Geira sov i nabohuset, og Silje, Ingrid og Beate sov litt lenger oppe i vegen. Den dama som hadde fulgt etter Anders var litt misfornøgd sidan han ikkje kjøpte noko hos henne. Derfor byrja ho å mase på meg. Etter å ha tatt opp alt ho hadde i korga to gonger gav ho seg endeleg. 

Dei som me budde hos hadde biljardbord, og Geira brukte mesteparten av dagen til å spele biljard. Han blei ettertrykkeleg knust av ein liten gutt. Guiden vår hadde framleis meir energi, så han prøvde å få oss med på nokon aktivitetar, eller å bade i elva nedanfor huset. Me var ganske slitne, så me brukte dagen til å slappe av. Som forrett fekk me pommes frites med kvitløk som var heilt fantastisk gode. Etter maten kom guiden med ei flaske "happy water" som me måtte smake på. Mannen i huset kom for å skåle med oss, og då var det utruleg uhøfleg å seie nei. Så me shota eit glas med det som nok var rein sprit. Det smakte dritt, men guiden syns det var godt og ville ha oss med på ein shot til. Dei takka me nei til, så guiden tok med seg flaska ut for å drikke litt åleine. Etter maten gjekk me tidleg til sengs, og sov lenge alle saman. Marianne vakna midt på natta av at nokon gjekk rundt, og trudde det var nokon som kom for å stele tinga hennar. Det var berre ein gjest til som kom litt seint. Både Anders og Marianne hadde vakna av at nokon snorka, og trudde det var meg. Men det var den seine gjesten, som framleis låg og snorka då me gjekk. Tidleg på morgonen var det sikkert ti hanar som byrja å gale, men eg hadde på meg øyreproppar, så eg høyrde ingenting. Det var utruleg herleg. Eg hadde dessutan store problem med låsen på dodøra, og sto i sikkert ti minutt for å prøve å få den opp. Det gjeld forsåvidt alle dodørlåsar i Vietnam. Dei likar meg ikkje.

Ingun hadde vondt i magen og følte seg ikkje heilt bra. Me fekk høyre at Silje og Ingrid også var dårlege. Utanfor huset satt ei gruppe med damer, klar til å hengje seg på oss. Stigen som me gjekk på no var smal og bratt, og då var det ikkje så kjekt og gå med fullt av damer rundt deg som eigentleg var litt i vegen. Anders fortalde damene at me ikkje hadde tenkt å kjøpe noko, så etter ei stund hengde dei seg på nokon andre. Sjølv om det ikkje hadde regna var stien glatt, for det var så mykje gjørme der. Guiden, Anders og Geira gjekk fort og syns det var enkelt. Me andre gjekk litt meir forsiktig for ikkje å gå på trynet i gjørma. Geira var og den første til å bli skikkeleg skitten, då han gjekk uti gjørma. På ein spesielt bratt og glatt del av stien sto eg og Marianne og holdt rundt kvarandre, og prøvde å kome oss ned utan å falle. Bak oss sto Guro, og heilt utan vidare falt ho rett på rumpa i gjørma. Det var ganske morosamt, så då fekk me noko å le av på vegen. Lillemor fekk seg støttekontakt i form av ei dame som leia ho heile vegen. 

Etter å ha gått i fleire timar, og tatt igjen nesten alle framfor oss, kom me endeleg fram til hovudvegen. Me åt lunsj, før me blei køyrd tilbake til Sapa. Der gjekk me på eit marked. Guro er veldig glad i flodhestar, så ho kjøpte seg ei lommelykt forma som ein flodhest. Eg kjøpte meg ein varm vinterjakke etter ein god del pruting. Me gjekk på kaffibar for å slappe av litt før middag. 

Middagen treng eit lite avsnitt for seg sjølv. Den blei laga på bordet, og guiden vår heiv oppi sopp, blekksprut og noko anna uidentifiserbar sjømat. Det fristar ikkje noko særleg å ete blekksprutarmar der du kan sjå alle sugekoppane. Dei som satt på det andre bordet fekk visst velgje sjølv kva dei ville ha oppi. Etter ein svingete tur ned til Lao Cai, og humpete tog var me endeleg tilbake i Hanoi.

Ingen kommentarer: