lørdag 13. februar 2010

Me blei ikkje einige om tittel

Hei alle der heime!:D Oda & Lillemor her...

Hovudstaden i Kambodsja heiter Phom Phen, og det var den første byen me kom til. Gjestane på hotellet var litt tvilsomme, og det var ikkje så fantastisk flott hotell. Heile badet vårt var fullt av maur. Den eine dagen hadde dei tend røykelse i resepsjonen, og det kunne luktast heilt opp i tredje etasje. Me trur at det hotellet hadde nokon spøkelse i fjerde etasje, for nestan kvar einaste natt høyrde me masse lydar frå etasjen over. Det høydest ut som om nokon ommøblerte heile rommet fleire gonger.

Utanfor hotellet vårt var det fullt av tuc-tuc sjåførar som "overfalt" oss kvar gong me kom ut. Dei var ganske irriterande, sidan me budde i gåavstand til det meste, og ikkje trengde skyss (Ein tuc-tuc liknar mest på ei karusellvogn med tak, som heng bakpå ein motorsykkel). For å kome ned til gata med alle resturantane måtte me gå gjennom eit marked. Det var fullt av kjøtt, fisk og grønsaker, og masse boss på bakken (Til alle austlendingane som ikkje veit kva boss er for noko, så er det søppel). Det lukta heilt ubeskiveleg ekkelt. Me fekk brekningar, og måtte ta ein diger dose med tigerbalsam under nasen for å unngå å spy. Tigerbalsam luktar så sterkt at det bedøver nasen, slik at du nestan ikkje luktar noko.

Litt utanfor Phnom Phen ligg Killing Fields. Frå 1975-1979 var det Raude Khmer som styrte Kambodsja. Det var Pol Pot som var leiaren. Dei fleste burde vite kven det er, sidan han sto bak ein av dei største massakrane i nyare tid. Raude Khmer drepte nestan 2 millionar menneske, dei fleste blei torturert, sulta og det som verre er, før dei blei sendt til Killing Fields for å døy. Dei fleste blei skutt, men mange blei og slått i hjel eller begravd levande for å spare på kuler. Mange småbarn blei slått mot eit tre. På staden var det eit diger Stupa med 8000 hovudskaller som tilhøyrde folk som blei drept. Dei fleste massegravene er blitt gravd opp for å prøve å få ein viss oversikt over omfanget. Me veit framleis veldig lite om det som skjedde, og det sto berre eit lite avsnitt i historieboka mi frå 3. klasse. Etter å ha vore på Killing Fields drog me til fengselet S-21. Det var eigentleg ein skule før Raude Khmer gjorde det om til eit av dei verste fengsela i landet. Dei som havna her blei torturert, og viss ikkje dei døydde då blei dei sendt til Killing Fields. Me fekk sjå alle cellene og bildene som var der. Det var masse bilder av fangane, og mange av bildene viste døde folk.

No er me komen fram til Siem Reap, den siste byen me skal vere i. Her har me endeleg fått oss eit flott hotell. Det har eit badebasseng omkransa av palmetre og blomar, og det er max chill å bade leeeenge. Dette hotellet er og så flott at det har dusjforheng, yay! Så no slepp heile badet å bli klissvått kvar gong me dusjar. Utanfor rommet har me ein liten terasse med ein port i, som fører ut til stigen bort til svømmebassenget. Ute i hagen det masse gekkoar som roper: "Gekko, gekko", midt på natta, og masse store padder. Men berre det ikkje er mygg, mus og kakkerlakkar, så er me glade. Det har me nemleg sett litt for mykje av på denne turen.

På denne turen har me hatt masse tekniske problem. Lillemor har mista mobilen sin i vasken, så den fungerar ikkje. Eg har klart det utrulege kunststykket å sette meg på min splitter nye mac, sånn at skjermen knuste. Tvilar på at reiseforsikringa dekkjar det, så det blir nok dyrt. Eg kjem til å få høyre det når eg kjem heim, for mamma nekta meg å ta den med. Eg har og trakka på solbrillene mine, så dei er litt skjeive. I dag klarte eg og å hoppe uti bassenget med klokka mi på, men den virkar framleis. Geira sitt kamera har slutta å virke av ein eller annan grunn. Det sa "poff" og nekta å skru seg på. Me prøvde med fleire batteri, andre minnekort, og ei anna linse, men me fekk ingen reaksjon. Han blei så sint at han truga med å sparke fotball med det.

No byrjar me å bli litt lei alle saman, og gledar oss til å kome heim til Noreg. Eg har allereie bestilt kjøttkaker hos mormor:D Ingun gledar seg til å ete knekkebrød med brunost. Eg skal sitte på Gardermoen i ti timar å vente på flyet, og det kan bli litt keisamt utan data.

Kjære mamma, send mere penger!

Ingen kommentarer: