Som Marianne har blogga tidlegare så er det godt og varmt her i Hoian. Nestan litt for varmt spør du meg. Eg har blitt max solbrent i fjeset, og har så voldsomt solbrilleskille at eg ser ut som ein vaskebjørn. Eg smører på med after sun, aloe vera og babylotion og håpar at det roar seg ned snart.
Me har sett ganske mange dyr på denne turen, og det verkar som om dyr syns at hotellrommet til meg og Lillemor er ein fin stad å vere. Eg har knerta 3 maur og minst 10 mygg, og sett endå fleire som eg ikkje har fått tak i. Den knallrosa myggnettinga på hotellet litt for liten og har hol i seg. Det forklarar alle myggstikka mine. I går smekka eg til ein mygg og fekk fullt av blod på handa. Usj! Det er eit hol i veggen på badet for å sleppe ut fuktighet når ein dusjar. Eg lånte litt myggspray av Lillemor og spraya rundt holet. No luktar det myggspray på heile badet, så eg håpar me får vere i fred no.
Eg har også klart å kræsje på moped. Eg har aldri køyrd moped før i mitt liv, men det gjer ingenting, eg får leige likevel. Eg skulle svinge ut frå ein innkjørsel, og såg ikkje ein fyr som kom køyrande i full fart. Sidan eg sto så langt ute i vegen, køyrde han rett i framhjulet mitt, og datt rett i asfalten. Det gjekk heldivis bra med fyren. Det knakk ein plastikkdel av mopeden hans. Eg trur ikkje han kunne engelsk, for ein butikkeigar rett ved sida av snakka til meg. Eg gav mannen 100 000 dong (30 kroner) for skadene på mopeden. Eg skal i alle fall ikkje køyre meir før eg får meg lappen.
I morgon skal me reise vidare til Saigon, så no er det pakking på gong. Alle kleda mine ligg utover golvet og stolane. No skal det sorterast, og noko skal sendast heim i posten. Eg har kjøpt meg masse dvdar som tar stor plass i sekken min. Min sekk vegde 19,7 kilo då me reiste til Vietnam, så eg håpar den blir litt lettare no.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentar:
Det er flott å høre fra dere. Til alle trofaste følgere av bloggen så kan jeg bare bekrefte at det er en del vanskeligere å få lagt ut ting på bloggen etter Hoian. Til dere som er på tur. Ikke stopp opp med å lage saker. Får dere ikke lagt det ut fra Kambodsja så kan dere legge det ut når dere kommer hjem. Internett i Siem Reap er god og Blue Pumkin er også en flott plass å sitte å blogge. Vi gleder oss til masse nytt.
Legg inn en kommentar