Då va Global endeli komt oss fram t Vietnam, nermare bestemt Hanoi. Først føyk me fra Gardermoen t Bangkok. Den turen tok 10 tima, å eg va drittlei ette 3 tima. Eg e så utolmodi at eg klara kje å sitta stille så lenge, så eg snudde meg ront å ront å prøvde å finna ein behageli stilling. Ein sånn stilling fants ikkje, så eg endte opp me å sitta å glo på skjermen så viste kor flye va henne. Kvart sete hadde sin egen litle skjerm der du kunne sjå filma å hørra på musikk akkorat når du ville. Eg såg på skjermen kvar gong eg snudde meg ront å håpte at flye va framme snart. Så flyturen gjekk greit, bortsett fra at me fekk masse turbulens når me kom inn øve Afghanistan, men da e vel kje ant å forventa.
Klåkko 12 om natto, norsk ti (6 om måronen Bangkok ti) landa me i Bangkok. Der måtte me stå i eviheta i passkontrollkø. Me sto der i minst ein time, kansje ein å ein halv. Eg fant ut at me bevegde oss omtrent 10 meter på ein halv time. Der va da fullt av folk, kjempevarmt å eg va veldi tørst, kombinert me at da e den tio av månen snart, så då fekk eg veldi vondt i magen å blei kvalm. Eg sto å hosta å harka å spydde nestn. På ditta tidspunkte va me komt nestn fram t skranken, men då kom da ein dritings fyr sjanglande inn i køen å sneik så sjukt. Han sto ein halv meter i fra meg å eg kjente øllukt fra han. Han lukta så sterkt at da va lika før eg spydde på han. Så da hjalp ikkje akkorat på kvalmen min. Han kom bak meg i køen å sto å snøvla "I love you" inni øyra mitt, å da va veldi ubehageli.
Når me omsider fekk komt oss igjøno passkontrollen alle samen kom me oss ut fra flyplassen å for rett t hotelle. Da låg berre 5 min vekke fra flyplassen å va et greit nok hotell. Me gjekk ut å åt litt å gjekk ront i ei handlegata for turista. Der va da to turista så va dritings allerede kl. halv ett om dagen. Han eine hadde på seg ein fantastisk dressjakke me leopardmønster å han andre hadde så stygg sveis at da såg ut så han va blitt påkjørt av ein grasklyppar. Alle va ute å såg litt i byen utenom Lillemor, for ho va dårli å låg å såv på hotellromme. Ho såv så tungt at ho ikkje hørte at eg dundra på døro eller prøvde å ringa ho.
Me sto opp hall 4 om måronen for å rekka flye t Hanoi. Eg såv veldi dårli den natto av ein eller an grunn. Eg såvna å våkna igjen heila natto, så eg va veldi trøtt når me sku stå opp. Turen t Hanoi tok ein time å tre kvarter på eit fly så ligna veldi på et Ryanairfly eg føyk me ein gong. Eg satt attme den eina vingo på flye å den såg ganske skrøpeli ut. Den såg rett å slett heimasnekra ut, å eg likte ikkje tanken på å sitta i da flye. Men da gjekk greit, å me landa på ein ganske liten flyplass omringa av risåkera.
Ette at me hadde satt fra oss all bagasjen på hotelle, gjekk me for å eta å shoppa litt. Ingun har ein favorittresturant så hette Lille Hanoi, der hadde si ei veldi go sjokoladekaka så ho ville ha. Der åt me masse go mat, og som den sjokoladeavhengige personen eg e, måtte eg smaka sjokoladekako. Den va heilt fantastisk go! Rett attme hotelle va da ein minibank å ein butikk så hadde dvda. Eg kjøpte Grey´s Anatomy sesong 1-5, CSI Las Vegas sesong 1-9, CSI New York sesong 1-5 å Gossip Girl sesong 1 å 2. Da betalte eg 1,3 milliona dong for. Ikkje få hjertestopp no pappa, da e nemli ront 400-500 krone. Heima hadde eg sikkert måtta betala fleire tusen. Eg har testa di på dataen min å da va veldi go kvalitet t den prisen. Eg har og kjøpt ein fotokopi av ei Lonely Planet bok me masse fakta, å ikkje minst kart! Eg har kje så veldi go retningssans, så da kjeme godt me. Eg fant og ut kossn du seie "eg har gått meg vill" på vietnamesisk.
I måro ska me reisa på båttur t Halong Bay. Da e et område me masse små øye fulle av grotte. Der skal da visst ver veldi fint, så da gleda eg meg til. Onsdag kveld ska me ta nattoge til Sapa. Da e långt nord i Vietnam, nestn oppe me grenso t Kina. Der ska me gå på tur i fjelle å såva hos ein lokal familie. Me har blitt delt inn i gruppe på 3 så ska reisa i lag. Alle på gruppo vår va enige om at me ikkje skulle gå så långt, for me har kje så go kondis. Ette masse om å men fant me ein tur så da ikkje va så masse gåing. No sitte me på romme å slappe av litt. (Eg må berre sei at eg tok me dataen mamma, men eg love at viss an blir vekke eller blir knust ska du få lov t å sei "Ka va da eg sa?" så masse du vil).
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar